No kan du høyre dialekta vår på heimesida

Vennesla dialekt- og mållag var kjapt ute då dei høyrde at me kan legge ut lydfilar på den nye heimesia.

Me har fått to flotte opptak med dialekten i Vennesla. Øvst til høgre på heimesia står “meny”. Inni der står ein ny knapp med tittelen "Velkomen til Vennesla" og inni der finner du knappen “Den berømte dialekta vår”.  Ein annan måte er berre å nytte søkefeltet.

Det er Bjarne Nordhagen som les teksta “Å sjeise på nattgammel is”, medan Per Inge Førde les “Å kneipe”.

Om du ikkje veit kva dette tyder lenger, her fyljer ei forklaring: Sjeise = å gå på skøyter, Kneipe = å ryme barbeint i snøen.

På dialektsida vil du også finne to bøker med fulle ordlister og grammatikk. Den eine er Olav Jortveit sitt storverk om Vennesla-målet. Den andre er det like store verket til Oddvar Moen og Sig Tove Aasen om Hægelandmålet.

Me vonar de liker denne dialektsida godt, og at de rett som det er nyttar nokre minutt på å oppgradere kunnskapen om gode ord på dialekt.

HER KAN DU HØYRE OG LESE