Kollisjon med hjortevilt
Du som bilist og trafikant skal melde frå til politiet om skada hjortevilt. Det gjer du via politiet sitt nummer 02800.
Politiet vil så ta kontakt med dei erfarne jegerane kommunen har avtale med. Kommunen har avtale med spesialiserte og erfarne folk som tek seg av skada hjortevilt (elg, hjort og rådyr) etter kollisjon i trafikken.
Freda dyr som ulv, og gaupe og så vidare er ikkje noko kommunen har ansvaret for. Det same gjeld husdyr.