Tannhelsetenesta

Mange nyttar privat tannlege. Det offentlege tilbodet står fylkeskommunen for. Fylket har eigen tannklinikk i Vennesla.

Vennesla tannklinikk

Vennesla tannklinikk har tilbod til born, ungdom og vaksne. Dei held til i Meierigården i Sentrumsvegen 46, Vennesla. 

Vennesla tannklinikk si heimeside

Tannlegevakt

Laurdagar, søndagar og ved heilagdagar er det eigen tannlegevakt lokalisert i Kristiansand som har opent frå klokka 11.00 til 13.00.

Tannlegevakt si heimeside

Gratis tannhelseteneste

Agder fylkeskommune har tilbod om gratis tannhelseteneste til deg som:

  • er mellom 0–18 år.
  • har ei psykisk utviklingshemming.
  • er bebuar i alders- eller sjukeheim.
  • har motteke helsetenester i heimen minst ein gong per veke i tre månader eller meir, jf. Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 første ledd nr. 6 bokstav a.
  • på grunn av eit rusmiddelproblem mottek tenester etter Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 første ledd nr. 6 bokstav b, c og d, eller er under legemiddelassistert rehabilitering (LAR) har rett til gratis hjelp.

21-24 åringer får 75 prosent rabatt på tannhelsetenester

Dei som fyller 21, 22, 23 eller 24 år i 2024, får 75 prosent rabatt på tannhelse og tannhelsetenester ved dei offentlege tannklinikkane ut året.

Vil du bruke deg av tilbodet, må du sjølv ta kontakt med din næraste offentlege tannklinikk.